Idè

Ad Fontes  tyder: Til kjeldene

Det er ein som har sagt: "Det opprinnelege er det friskaste!" Utsagnet er uttrykk for ei haldning der ein har forrankring i noke som er større og fastare enn den til ein kvar tid rådande tanke og trend. Den som alltid skjeler til kva som er aktuelt, vil fort kunne verte sørgjeleg uaktuell.

Kva er kunst?

Kunst er både åndsverk og handverk. Diskusjonen om kva som er kunst og ikkje, har alltid duva att og fram. Kampen mellom figurativt  og non-figurativt  uttrykk kan virke som ein tauvase som er umogleg å vikle ut, men sett frå ein "sann" naturalistisk synsvinkel er det inga motsetnad  mellom abstraksjon og figurasjon dersom ein meiner at ånd og materie er einskap. 

Denne einskap er likevel ikkje ein samanblanding der det eine nøytraliserer det andre, men eit mysterium slik mennesket sjølv er einskap av ånd og kropp. 

I kunsten vil det sei å gå vegen frå idè til pigment og lerreter  der figurar oppstår som i skapinga si første morgon.  

Alt vi ser er abstrakter sett saman i meiningsfulle kombinasjonar. Det er umogleg å gjenskape naturen autentisk utan ein respektfull haldning til det ein verkeleg ser. 

Det er mangel på denne meinging som eg trur mange jordnære menneske får til å uttrykkje:

"Dette forstår eg ingen ting av!"

Naturen

Å vere naturalist er ikkje å vere fotograf. Den naturlege måten å sjå på er å fokusere på noko, la anna vere ute av fokus. Noke held vi fast i detaljar og anna er i røsle og store pauser og flater.  Dette kan og eit foto ivaretake, men penselen må leike like "tilfeldig" over lerretet som vinden leikar med bølgjene. Ein bunden kopiering av naturen er unaturleg. Likevel må kunstnaren kjenne kva lover som styrer tilveret.

I kaos er det likevel orden. Det opplev den som står ved eit stormpiska hav. Midt i virrvarret av bølger og skumrokk er det ein grunnfast lovmessigheit som held alle tilfeldigheiter på plass. Det vi trur er fri flyt er alltid fridom innanfor definerte premisser. 

 Respectare

"Sjå om att!" - til dagleg brukar vi ordet respekt for dette. Kunstnarar kan henfalle til å måle det same motivet opp att og opp att. Det avgjerande for om dette skal verte til kunst eller ein lettvint repetisjon av noke eg kan, er om eg syner respekt for motivet, altså om eg med nye, friske auge ser på motivet utan fordommar og gamle idèar som at "slik er det"! Eller enda verre når vi dømmer medmenneske - "sånn er han". 

Sann kunst må alltid ta utgangspunkt i endå ein gong å sjå det motivet "vi har sett tusen gonger før".

Ad Fontes

Ad fontes er difor attende til opphavet for å finna det friskaste.  Sommarfuglen er eit velbrukt symbol for oppstandelse og nytt liv. Den er like vakker kvar gong den bryt ut av den grå puppa. Den er som ein fargerik palett.

Paletten er som regel ganske "skitten" etter eit dagsverk, slik livet ofte vert for dei fleste. Likevel er det ei heillag grense der dei reine fargane ligg og som alltid må haldast usmussa om ein skal vere fri til å lage dei fargane ein vil. 

 Puppestadiet er ein naudsynt fase av kvile og "død". Kunst skapast i møtet mellom jord og himmel, mørke og lys der mellomtonar, jordfargar og spekterfargar spelar saman i heilskap.

Alt har sine årstider, også kunsten. Skapinga skjedde ikkje på ein dag, det var netter mellom.

Kunst som berre søkjer mørket vert fort utan von. Kunst som er for sukra kan vel forbløffe inntil vi gjennomskodar bløffen. Den møter oss ikkje i vår djupaste livsoppleving og lengt.

Difor trur eg mange seier: Dette forstår eg ikkje, eller dette er for platt.

Å sjå og bli sett - enda ein gong.

Ikonet ser deg" seier dei i austkyrkja. Eg trur eit kunstverk er ein spegel for  tilskodaren. Ein spegel for bekrefting eller ikkje, for fylde eller tomheit. For er det ikkje dette som er vår kroniske  trong - at nokon ser oss med sine aksepterande auge? Difor vil kunst mykje meir handle om å bli forstått enn sjølv å forstå. Difor må kunstnaren alltid søkje på nytt å sjå, for å forstå. 

Det kan vere vanskeleg å definere nøyaktig  kva som er kunst. Det bør vere sjølvsagt at kunstnaren alltid "ser på nytt", men også tilskodaren må nærme seg kunstverket audmjukt, for kanskje kunstnaren har sett noke eg ikkje har sett - kanskje eg, som tilskodar, skal sjå enda ein gong, sjølv om kunstverket verkar bortanfor mi livsoppleving. Slik vil "respectare" vide ut snevre horisontar. 

For over  tre tusen år siden blei det same sagt i eit meir religiøst språk i  den aronittiske velsiging slik tredje leddet lyder:

Herren lyfte sitt åsyn 
(endå ein gong) på deg, og gjeva deg fred

Saken, anten den er religiøs eller psykologisk, anten ein er åndeleg eller materiell (om då det er noken motsetnad), saken er endå ein gong å få auge på det vi ikkje har sett.

 

På Vågsøy, sør for Stad står "Kannesteinen". Den er forma av naturkreftene gjennom tusenvis av år. Turistane drar ut på krokete vegar for å få eit bilete av dette fantastiske kunstverket. Tenk oss no at ein  kunstnar hadde meisla ut steinen i sitt studio, plassert den på Haustutstillinga og kalt den t.d. "Kanne"

Nokon ville sagt - så vakkert!

Andre - "..og slikt skal vere kunst!"