Galleri Ad Fontes tilbyd kurs i teikning og måling. Underteikna er kurslærar.

Teikning

Teikning er grunnlaget for alle slags kunstuttrykk. Teikning byggjer på evna til å observere form, sjå linjer, proporsjonar og retningar. Teikning er ein livslang trening som ein berre kan bli dyktigare og flinkare i.

Måling

Sjølv om ein syslar med fargar og ulike målemedium er formproblemet uunngåeleg. Før eller sidan må ein finne både formen og fargen, anten vi snakkar  linja som skil to former frå kvarandre, eller formen på skuggar og lys som tilsaman skapar ein heilskap.

Organisering

Kursa har ulik varigheit og stad. Ein del kunstlag og kunstklubbar inviterer kurslærar til sin lokale stad, sørger for rom, påmelding etc.

Kursa er berekna frå 6-12 personar.

Prisen avheng ant. timar og køyretid.

Innhald og metodikk

Min hovudvisjon er enkel og velprøvd: Learning by doing. Mest mogleg praktisering. Vidare meiner eg det er viktig at grunnleggande tekniske ferdigheiter vert tekje omsyn til. All kunst må ha eit trygt fundament i handverket.

I starten gjev eg som regel enkle øvingar som integrerer grunnleggande forståing for fargeblanding, pigment, malemiddel, penslar og anna viktig utstyr. Vidare ein innføring i komposisjon, "Det gyldne snitt", valørar, positiv og negativ form, luftperspektiv, geometrisk form, kontrast og sjølvsagt fargesirkelen med primær-, sekundær- og tetiærfargane.

Utstyr

Det er som regel høve til å kjøpe penslar, fargar og måleplater.

Staffeli, palett, filler, vaskeglas, målemiddel, dyppekopp må deltakarane sjølv ta med.